Lesarinnlegg: Stavanger Aftenblad 27/2-2008, Jærbladet 27/2-2008, Varhaugbuen

 

Lensmannsgarden på Varhaug

 

Gardstunet Lensmannsgarden på Varhaug er bygd i omlag 1930 med våningshus og løe, og representerer eit flott gardstun frå denne tida. Lensmannsgarden er eigd av Hå kommune, og inngår i Kulturminneplanen som omhandlar m.a. bygningar med verneverdi. Gardstunet på Lensmannsgarden er sett i vernekategori B.

Administrasjonen i Hå kommune har tidlegare innstilt på å riva løa. Utan løa har gardstunet liten verneverdi. Løa var då i generelt god stand etter alderen bortsett frå delar av taket som hadde viktige manglar. Frå politisk hald vart det i staden for å vedta riving avsett 400.000 kroner for å gjera dei viktigaste reparasjonane med dugnadsarbeid. På bakgrunn av dette vedtaket i kommunestyret i 2005 er det no utført omlag 2000 timar dugnadsarbeid. Heile taket er fullt ut reparert, og fleire vegger har fått ny kledning. Omlag 150.000 av dei avsette midlane er brukte.

Etter initiativ frå foreldre i Lensmannsgarden barnehage, som ligg like ved, innstiller administrasjonen i Hå kommune igjen på at: ”Løa på Lensmannsgarden vert riven. Prosessen med riving startar straks saka er politisk handsama”.

Eit verneverdig gardstun i generelt god stand, og som er i kommunalt eige, bør ikkje rivast utan svært god grunn. Med rett kompetanse, vilje og med kreativitet gjev gardstunet med hus og løe t.d. eit unikt høve til å laga eit spanande leikemiljø. Det alternativet til riving som til no er utgreidd er altfor omfattande og dyrt. Langt meir kostnadseffektive løysinger må utgreiast.

Når tilrådinga om riving av løa på Lensmannsgarden skal handsamast politisk vil det vera rart om det ikkje vert vedteke å fullføra reparasjonsarbeidet i tråd med tidlegare kommunestyrevedtak. I staden for å fokusera på riving må me vera kreative og leita etter ei god og kostnadseffektiv løysing for korleis me skal nytta gardstunet på beste måte.

 

Kjetil Skrettingland