Brev til Formannskapet i Hå kommune 18 april 2008.
Lesarinnlegg: Jærbladet 21 april 2008.
Løa på Lensmannsgarden på Varhaug
Me forstår frustrasjonen som rår i Lensmannsgarden barnehage over løa på
Lensmannsgarden då reparasjonsarbeidet har stoppa opp, og løa står
uferdig
Administrasjonen i Hå kommune har gått inn for riving av løa.
Politikarane i "Utval for opplæring og kultur" har sendt saka i retur to
gonger med håp og ønskje om eit alternativ som inneber at løa vert teken
vare på. Administrasjonen har ikkje vist vilje til å leggja fram eit
kreativt og fornuftig alternativ. "Utval for opplæring og kultur" går
difor no inn for riving av løa. Medverkande til dette er at det for
nokre kan synast som om engasjementet, som vart vist då omlag 2000
dugnadstimar vart utførde på løa, er borte. Utan dette engasjementet vil
det ikkje vera grunnlag for å ta vare på løa.
Engasjementet er ikkje borte. Me på Varhaug har i det lengste håpa på at
administrasjonen i Hå kommune, etter press frå politikarane, skulle syna
vilje og kreativitet til å ta vare på løa. Me innser no at dette ikkje
vil skje.
Mykje av det utvendige reparasjonsarbeidet på løa er gjort. Løa er no i
god stand, og gjev eit unikt høve til å skapa noko som vil ha stor verdi
for bygda. Dette høvet kan me ikkje la gå frå oss. På kort tid har me
til no samla 50 personar som vil vera eit venelag for løa.
Enkeltpersonar i venelaget vil fullføre det utvendige
reparasjonsarbeidet på dugnad sommaren 2008. Dette inneber å skifte
kledning, lage eit permanent rekkverk på løebrua og å reparera knuste
vindu. Venelaget generelt vil bidra med rydding og små-reparasjonar, og
arbeida aktivt for å etablera aktivitet i løa. Fire frivillige
organisasjonar i bygda har til no meldt interesse som aktuelle brukarar
av eit lokale i søre enden av fjoset. Me i venelaget vil arbeida aktivt
for å leggja til rette for fleire aktivitetar som handtverksaktivitetar,
øvingsaktivitetar, kulturaktivitetar og lokale for fleire frivillige
organisasjonar i løa.
Me ynskjer Lensmannsgarden barnehage velkomen til å vera med å utforma
planar for vidare bruk av løa, og nytta dei delane av bygget dei kan
finna tenlege. Alternativt bruk av 2. etasje i løa er å nytta denne til
lagerplass for Jærmuseet, men me håpar på eit samarbeid med barnehagen
som kan føra til ein aktiv bruk av 2. etasje.
Med dette vil me oppmoda Formannskapet i Hå kommune, som no får saka til
handsaming, om å stå fast ved tidlegare kommunestyrevedtak og gje bygda
høve til å fullføra reparasjonsarbeidet.
For venelaget;
Dag Skretting,
May-Bente Høiland Lode,
Geir Egil Rosland,
Jostein Bratland,
Ståle Skretting,
Arnstein Skretting,
Bjørn Skretting,
Gaute Skretting,
Karin Skrettingland,
Anne Gjedrem,
Arnfinn Varhaug,
Rune Varhaug,
Cecilie Vetrhus,
Ove Johnny Lode,
Ingve Dubland,
Kjetil Dubland,
Svein Varhaug,
Guri Sollesnes,
Brit Jane Varhaug,
Rita Skretting,
Dag Varhaug,
Finn Mæland,
Frode Varhaug,
Steinar Varhaug,
Sjur Varhaug,
Kjetil Skrettingland,
Geir Aase,
Elin Odland Aase,
Svein Borgen,
Eirik J. Varhaug
Oddvar Dubland,
Ola Sandsbråten,
Irene Hobberstad
|