Til Kommunestyret i Hå                                                                                     Varhaug 1 mai 2008

 

 

 

Løa på lensmannsgarden – kva kan ho brukast til?

 

Lensmannsgarden, med huset, tunet og løa, ligg der som ein heilskap, lett tilgjengeleg midt i Varhaug. Garden og bygningane er ein del av Varhaug og av Hå kommune si kulturhistorie, som det er verd å ta vare på.

I Hå kommune er me kjende for å få til ting, som andre kommunar slit med, med hjelp av konstruktivt samarbeid mellom privat innsats (dugnad) og kommunen. (for eksempel idrettsanlegg og sykkelstiar)

Etter same modellen kan løa på Lensmannsgarden verta eit felleseige for Varhaugbygda. Løa vil gje spesielle rammer for mange typar aktivitetar og kan verta treffstad for grupper med ulike interesser i alle aldersgrupper. Til nå har Jentespeidaren, 4H, Folkedanslaget signalisert at løa vil være eit godt supplement til lokala dei har i dag.  Fleire lag, grupper er positive, men treng tid for å få styrebehandla bruk.

 

Ønske om å ta vare på eldre bygningar vert alltid møtt med krav om riving og sterke økonomiske argument, og ein kan ikkje ta vare på alt. Men historia viser at når bygningar med særpreg og rett beliggenhet er restaurert og tatt i bruk, er det vanskeleg å forstå kravet om riving. Det vil ha ein svært negativ signaleffekt om Hå Kommune endrar vernestatus på løa

for å kunne rive.

 

Om Hå Kommune skal verta ein attraktiv stad å bu, må det være eit mangfoldig kulturtilbud.

Løa vil kunne verta eit stort bidrag til dette.

 

Vedtaket i Hå kommunestyre 21.04.2005 seier.

  1. Det vert løvt kr. 400.000 til dugnadsarbeidet med istandsetjing av løa på Lensmannsgarden.
  2. Det blir utarbeidd planar for framtidig bruk av løa. Planane blir lagd fram for politisk behandling ved eit seinare høve. (økonomiplanen)

 

Omlag 2000 dugnadstimar er utført, og me i Venelaget vil fullføra det som står att av det planlagde dugnadsarbeidet. Det går ikkje an at kommunestyret no vedtek å riva løa.

 

 

Barn, barnehage, SFO, skule, fritidsaktivitet for barn, ungdom og vaksne

Barn skal ha sikre leike- og aktivitetsområder. Men like viktig er det å gi barna utfordringar og opplevingar. Løa gir muligheter for leik og aktivitetar i unike omgivelser.

Fysiske aktivitetar som  klatring, ”turna”, balansera. I forhold til forteljing, teater, dramatisering, dans og  musikk vil bygningen gir heilt andre muligheter og opplevingar enn vanlege skule- og barnehagebygg. Vidare innbyr bygningen  til handverksaktivitetar som snikkarverkstad, tekstilarbeid, keramikk, måling, ”skruing”.

Tilgang til friområdet nord for løa kan betrast om ein finn ein anna plass for søppeldunkskur. 

 

 

Ungdom

Undersøkelse viser at det ungdomen på Varhaug ynskjer seg aller mest, er ein plass å være. Søre del av fjoset vil kunna lagast til ein god plass å treffast for ungdom. Samme rom kan og nyttast til musikkaktivitetar etc. utan at det skal være til sjenanse for nabolaget.

 

Eldre

Løa kan og være ein sosial samlingsplass for pensjonistar, tilsvarande Skipper Worse Ågesentunet med aktiviteter som trim, bingo, kortspill, film og syng deg glad.

Frivillighetssentralen kunne og vore her ein dag i veka.

Med den unike plassering ved barnehagen, vil det og kunne være aktiviteter der både unge og gamle deltar, til store glede for begge parter.

 

 

Bygdahus – aktivitetshus - kulturhus

Løa gir mulighet for både store, mellomstore og små forsamlings- og møtelokaler.

Desse kan brukast til faste aktivitetar av ulike lag og organisasjonar. Dei kan leigast ut til selskapslokaler, møtelokaler og øvingslokaler for ulike musikkgrupper. Dei kan brukast til utstillingar, konsertar, føredrag mm. 

Eit lite kjøkken kan gi mulighet for matservering, kafè, matkurs og sosialt samver.

 

 

Me håper at Hå Kommune saman med oss vil gjera ein innsats for å bevara Lensmannsløa og utvikla fjoset og låven til eit felles bygdahus – aktivitetshus –kulturhus.

Ja – det kan verta ein ekstra ”kulturscene”!

 

 

Vegen videre.

 

Om det vert vedteke at løa ikkje skal rivast, så vil Venelaget innan 1 juni ferdigstille

utskifting av kledning og sikre låvebru.

 

Til den 1 september 2008  vil me leggje fram utkast til utforming og driftsform med kalkyler. Venelaget vil bidra med rydding og små-reparasjonar. Me vil arbeida aktivt for å etablera og tilretteleggja for aktivitet i løa.

Kostnader for å få løa iht. vedlagt skisse har me vurdert til ca 3 milloinar pluss dugnad.

Kostnader til nå har vore på rundt 37 % av bevilgning.

 

Me håper at repesentanter for barnehagen vil være med på utarbeiding av utkast.

 

 

 

Interimstyret i Venelaget

 

 

 

Kjetil Skrettingland   leiar

 

Anny Hagesæter                    Oddvar Dubland                    Solveig Aanestad

 

Svein S Varhaug                    Dag Skretting                         Arnstein Skretting