Lesarinnlegg: Jærbladet 2. Mai 2008

 

Gardstunet på Lensmannsgarden på Varhaug

 

Løa på Lensmannsgarden på Varhaug gjer eit unikt høve til å skapa noko spanande med stor verdi for bygda.

Soma barnehage har brukt ei løe frå 1912 som leikeområde i mange år, og har svært god erfaring med dette. Dette er den mest søkte barnehagen i Sandnes kommune. Personell frå denne barnehagen har sett på løa på Lensmannsgarden, og undrar seg over at nokre av oss på Varhaug ikkje vil nytta dette høvet til å laga eit spanande leikeareal. Løa kan enkelt gjerast til ein trygg leikeplass.

 

Då det vart vedteke å reparera løa på Lensmannsgarden på dugnad var Lensmannsgarden barnehage einig i at dette skulle gjerast. No etter omlag 2000 dugnadstimar er dette synet endra, og løa vert av enkelte sett på som utrygg. Dette må me lytta til, men utsegn om at løa er utrygg treng nærare konkretisering. Kva er det som er utrygt, og kva kan gjerast med dette? Gode og konstruktive løysingar fins, svaret er ikkje berre å riva det gamle.

 

Når det gjeld brannsikring av løa må dette gjerast på ein forsvarleg måte. For å få fram dei gode løysingane og den reelle prisen for desse må det innhentast løysingar og prisar frå byggjefirma. Heimehuset på Lensmannsgarden har vore brukt til barnehage i mange år, og planane framover er at dette skal nyttast som midlertidig barnehage på ubestemt tid. Er heimehuset, som skal brukast til inneområde, sikra etter dei same krav som vert sett for å nytta løa som leikeområde ved uteleik?

 

Gardstunet på Lensmannsgarden er i Kulturminneplanen, som er utarbeidd av Hå kommune,  sett i verneklasse B. Dette vil seie at tunet treng vern. Det er i saka om riving ikkje gjort vurderingar av dei kulturhistoriske aspekta. Det vart dess meir ikkje nemnt at løa er sett i verneklasse B. Grunngjevinga for rivinga har kort sagt vore: Me vil ha løa vekk, og me ynskjer ikkje bruka pengar på løa. Det er eigarar av private hus i verneklasse B i Hå kommune som ynskjer å riva eige bygg. Dersom løa vert riven, vil då ynskje frå private eigarar om riving av bygg i verneklasse B handsamast annleis enn kommunen sitt ynskje om å riva ei oppfiksa løe på Lensmannsgarden?

 

Hå er kjent for god dugnadsinnsats. Dersom løa vert riven etter omlag 2000 timar dugnadarbeid, basert på eit kommunestyrevedtak i 2005, vil dette kunna ha innverknad på haldninga til å gå dugnadsarbeid for kommunen.

 

Ove Johnny Lode,

Oddvar Dubland,

Kjetil Skrettingland,

Geir Egil Rosland,

 (Medlemmar i venelaget for løa på Lensmannsgarden som no tel 87 personar)