Vedtak i Hå kommunestyre 8.mai 2008:

1) Løa på Lensmannsgarden vert teken vare på. Rådmannen bør ta ei synfaring og om nødvendig utbedre eventuelle faremomenter så raskt som mogeleg. Kommunen takker ja til tilbudet fra Venelaget om å fullføre det utvendige reparasjonsarbeidet på dugnad sommaren 2008. Kommunen har ansvar for byggjeleiinga.

2) Lensmannsgarden, med huset, tunet og løa er ein del av Varhaug og Hå kommune si kulturhistorie som det er verd å ta vare på. I tillegg til barnehagebarn, må publikum, lag og foreininger, få anledning til å bruke området. Lokalt engasjement er viktig, og kommunestyret ser svært positivt på at vi nå har fått eit Venelag for Lensmannsgarden.

3) Kommunestyret ønsker å sikre ein forsvarlig forvaltning av Lensmannsgarden. Kommunestyret ber rådmannen gå i dialog bl a med Vennelaget, for å utarbeide planer for vidareutvikling av området.

4) Kommunestyret ønskjer at løa, tunet og huset på Lensmannsgarden skal bli ein kulturell møteplass. Det er spesielt viktig å leggje til rette for barn og unge. Kommunestyret ber om ei sak med planer for videreutvikling av Lensmannsgarden innan 1. september 2008.

5) Rest kr 250.000 frå tidlegare rivingsvedtak 2005 blir brukt til sikring av løa. Kjem tilbake til vidare finansiering i budsjettet.