Vedtak i Hå Kommunestyre 18. juni 2009:

1) Kommunestyret legg til grunn Vennelaget sitt ”Forslag til vidareutvikling av løa på Lensmannsgarden”,datert 26.08.08. Vennelaget utfører rehabiliteringsarbeidet (alt innvendig rehabiliteringsarbeid pluss låvebru med mur og port i nord) inkludert byggjemelding og byggjeleiing. Dette innafor ei kostnadsramme på 2,87 mill kr + moms.

2) Opparbeiding av resten av uteområdet er kommunen sitt ansvar. Dette omfattar m a eventuell bu for uteleikar til barnehagen, opparbeiding av parkeringsplassar, tilkopling til avløp og tilføring av straum, vatn og kloakk.

3) Kommunestyret bed rådmannen leggja fram ei sak med forslag til korleis barnehagen sitt behov for bu for uteleikar, kan løysast. Ein ber om at m a bruk av kjellarrom under løa, eller ny bu ved sekkestativa, vert vurdert som mulige løysingar.

4) Kommunestyret ser at det allereie i dag er ein vanskeleg parkeringssituasjon ved Lensmannsgarden barnehage. Kommunestyret vil difor be rådmannen leggja fram ei sak for utval for tekniske saker og næring med forslag til parkeringsløysing. Løysinga må vera på minimum 20 parkeringsplassar på kommunalt areal i området, som kan nyttast både av barnehagen og ved bruk av løa til kulturaktivitetar.

5) Kommunestyret ber utval for tekniske saker og næring vurdera om det på sikt kan etablerast parkeringsplassar til løa/barnehagen sør for Varhaugvegen.


Dokumenter