Lensmannsgarden
På innkjøpt areal bygde Ingebret Gausland lensmannsgarden på Varhaug. Først vart løa ferdig, og i 1925 også eit flott våningshus.

Løa brann i 1932. Lensmannsløa vi har i dag vart bygd i 1933 på murane av den gamle.

Tunet var - og er - det flottaste gardstunet på Varhaug frå si tid.

Ein flott allè gjekk frå vegen og opp i lensmannstunet.

Framtida
I 1987 blei Lensmannsgarden omdisponert til utbyggingsområde.

Det var lenge uvisse om Lensmannsgarden si skjebne. Både i
bygdemiljø og i politiske og kulturelle kretsar var det vilje og
interesse for å ta vare på bygningane og tunet.

I 1992 kjøpte kommunen våningshuset som blei teke i bruk som
barnehage. Så vart resten av området med løa innløyst.

Etter eit kommunestyrevedtak som bevilga pengar, har ein dugnadsgjeng brukt mange timar til å sikra og istandsetja løa.

Våren 2008 blei det skipa eit vennelag for det vidare restaureringsarbeidet av løa.

Meir informasjon
Vennelaget har utarbeida ein folder og eit historiehefte som omhandlar Lensmannsgarden på Varhaug. Dei finn du her:

Informasjonsfolder Historiehefte